Ingen fleire koronasmitta i Stad

Ingen fleire er koronasmitta i Stad.

INGEN NYE: Alle nærkontantane til koronasmitta person i Stad har fredag kveld fått negativt testsvar.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Fredag kveld har det kome negativt testsvar på alle nærkontaktane til personen som fekk positivt svar på koronasmitte onsdag kveld.

- Dei held fram i karantene og vert testa på nytt sju døgn etter siste moglege smitteeksponering, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Det var onsdag kveld at testing gjort på Nordfjordeid tysdag viste at ein person hadde testa positivt for covid-19.

Personen var sett i karantene og testa etter opplysningar om nærkontakt med ein smitta person på Austlandet i førre veke. Tre nærkontaktar vart sett i karantene og vart testa torsdag. Smittesporinga er avslutta, opplyste kommuneoverlegen.