NM-gull til Marcus

Marcus Haus (Eid symjeklubb) har deltatt i NM langbane og tar med seg heim nye medaljar.

MEDALJAR: Marcus Haus (nummer fire frå høgre) frå Eid symjeklubb tok fleire medaljar under NM langbane. Her frå då Eid symjeklubb deltok i det nasjonale Trøndersvøm 2020.   Foto: privat

Nyhende

Mellom 3. juli og 6. juli har Bergensklubbene arrangert NM langbane 2021 i AdO arena i Bergen. Blant symjarane som har deltatt under NM langbane i Bergen er Marcus Haus (Eid symjeklubb). Marcus deltek i klassa for parasymjarar, og ifølgje medaljeoversikta tar han med seg fire medaljar heim frå meisterskapen. To av dei fire medaljane er NM-gull.