165 analyserte prøver - to positive

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at 165 prøver vart analysert. Så langt denne veka har tre prøver vore positive.

I løpet av dei åtte siste dagane har seks av 1092 analyserte prøver vore positive.  

Nyhende

Helse Førde analyserte onsdag 165 prøver og to av desse er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Dei to positive prøvene er tatt i Stad og i Sunnfjord.

Tysdag kveld vart det klart at ein person i Stad har testa positivt for covid-19. Personen vart sett i karantene og testa etter opplysningar om nærkontakt med ein person med stadfesta covid-19 på Austlandet.


Ein person er koronasmitta i Stad

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune teter å ha fått påvist koronasmitte.


Tre positive denne veka

Så langt denne veka har tre prøver vore positive. Tysdag analyserte Helse Førde 224 prøver og ei var positiv. Denne var tatt i Kinn.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom 30. juni og onsdag 7. juli, har Helse Førde analysert 1092 prøver. I denne perioden har seks av prøvene vore positive. I tillegg til dei tre positive prøvene denne veka, var to prøver positive fredag og ei prøve var positiv onsdag 30. juni.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Andre tal

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Torsdag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis åtte.