Ein person er koronasmitta i Stad

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune teter å ha fått påvist koronasmitte.

NY SMITTE: Ein person har testa postivt for koronasmitte i Stad kommune. Denne er no sett i isolasjon.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Onsdag kveld viser resultat frå testing gjort på Nordfjordeid tysdag, at ein person har testa positivt for covid-19.

- Personen var sett i karantene og testa etter opplysningar om nærkontakt med ein smitta person på Austlandet i førre veke. Tre nærkontaktar er sett i karantene og vert testa torsdag. Smittesporinga er avslutta, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.