Politiet: – Ikkje gje ut personopplysningar per telefon

Den siste tida har Vest politidistrikt fått melder frå puyblikum som er oppringt av falsk politiperson. No oppmodar Vest politidistrikt alle om å ikkje gje ut personopplysningar via telefon.

Vest politidistrikt ber alle om å ikkje gje ut personopplysningar på telefon, etter at det er kome meldingar om personar som vert oppringt av ein falsk politiperson.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Måndag kveld meldte Vest politidistrikt på Twitter at det er kome meldingar frå publikum om at dei er ringt opp av falsk politiperson. Ifølgje Vest politidistrikt er det ein pågåande fyr med austlandsdialekt, som ber om personnummer og bankinformasjon via telefon.

– Dette er ikkje opplysningar vi normalt ber om over telefon. Ikkje gje ut personopplysningar per telefon! Tilsvarande kjent frå Austlandet siste tida, melder Vest politidistrikt.