Ingen nye positive prøver

Helse Førde melder om berre negative prøver for tredje dagen på rad.

I løpet av dei siste åtte dagane har tre av dei 1124 analyserte prøvene vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 99 prøver og alle er negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dette er tredje dag på rad at Helse Førde melder om berre negative prøver. Sist ei prøve var positiv var fredag. Då analyserte Helse Førde 137 prøver og to var positive. Desse var tatt i Lærdal og Gloppen.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 28. juni og måndag 5. juni har Helse Førde analysert 1124 prøver og tre har av desse prøvene har vore positive. I tillegg til dei to positive prøvene fredag 2. juli, var det også ei positiv prøve onsdag 30. juni.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av covid-19. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.