Totalt 170 registrert smitta i Stad

Tre av prøvene var positive sist veke

Sist veke, veke 26 var tre av 1025 analyserte prøver positive, viser Helse Førde sine koronatal.

Laurdag og søndag var det ingen nye positive prøver, men før helga var det tre positive prøver.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon har det vore ingen nye positive prøver i helga. Laurdag analyserte Helse Førde 102 prøver og alle desse var negative. Søndag analyserte Helse Førde 46 prøver og desse var også negative.

Fredag var det derimot to positive prøver. Helse Førde analyserte då 137 prøver. Dei to positive prøvene var tatt i Lærdal og Gloppen.

Sist veke var tre av 1025 analyserte prøver positive. I tillegg til dei to positive fredag 2. juli var det også ei positiv prøve onsdag 1. juli.

Ein ny registrert

Ifølgje VG sine tal vart ein ny person i eller frå Stad registrert stadfesta smitta av covid-19 29. juni. Ifølgje ordførar i Stad Alfred Bjørlo er det ingen nye positive prøver tatt i Stad, og personen som er registrert smitta må vere ein person som oppheld seg og har testa seg ein annan stad.

No har totalt 170 personar i og frå Stad vore stadfesta smitta.

På grunn av dette eine smittetilfelle er Stad no lysegult på kartet, og per 100.000 innbyggjarar er det 10,5 registrert smitta dei siste to vekene.

Gloppen er oransje på kartet til VG med tre registrerte smitta i løpet av dei siste to vekene. Per 100.000 innbyggjarar er dette 51,0.

Ein tilsett heime

Helse Førde sine tal viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon er ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.