Analyserte 352 prøver - ny dag utan positive prøver

Helse Førde sine tal viser at det framleis er låge smittetal i området, og melder for sjette dagen på rad om berre negative prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 22. juni og tysdag 29. juni, har Helse Førde analysert 1320 prøver. To er positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon er det ingen nye positive prøver å melde om etter at helseføretaket analyserte 352 prøver tysdag. Dette er det høgste talet på analyserte prøver på ei god stund.

Dette er sjette dagen på rad der Helse Førde melder om berre negative prøver. Vi må tilbake til onsdag 23. juni for å finne ei positiv prøve analysert i Helse Førde.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Helse Førde sine oppdaterte tal viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon er ein av 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.