Fem dagar på rad utan positive prøver

For femte dagen på rad melder Helse Førde om berre negative prøver.

Ein må tilbake til onsdag 23. juni for å finne ei positiv prøve.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 69 prøver og alle er negative. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde tysdag.

Dette er femte dagen på rad med berre negative prøver. Sist ei prøve var positiv var onsdag 23. juni.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.