Ingen nye positive prøver

Helse Førde melder måndag morgon om berre negative prøver i helga.

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane har Helse Førde analysert 1092 prøver. To av desse er positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag morgon viser dei oppdaterte tala til Helse Førde at det no er fire dagar på rad med berre negative prøver. Torsdag, fredag, laurdag og søndag har Helse Førde analysert 501 prøver og alle er negative.

Sist Helse Førde meldte om ei positiv prøve var tysdag 22. juni og onsdag 23. juni. Desse positive prøvene vart tatt i Kinn og Gloppen.


Gloppen og Ørsta mørkegult

Dette er status

Sist ein person i eller frå Stad fekk stadfesta covid-19 var 4. juni. Elles i Nordfjord og i kommunane rundt er det Gloppen og Ørsta som er gulast på kartet.


Søndag 20. juni: 0 nye av 73 analyserte prøver

Måndag 21. juni: 0 nye av 120 analyserte prøver

Tysdag 22. juni: 1 ny av 248 analyserte prøver

Onsdag 23. juni: 1 ny av 150 analyserte prøver

Torsdag 24. juni: 0 nye av 180 analyserte prøver

Fredag 25. juni: 0 nye av 156 analyserte prøver

Laurdag 26. juni: 0 nye av 112 analyserte prøver

Søndag 27. juni: 0 nye av 53 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Helse Førde sine oppdaterte tal viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av dei rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19.