Gloppen og Ørsta mørkegult

Dette er status

Sist ein person i eller frå Stad fekk stadfesta covid-19 var 4. juni. Elles i Nordfjord og i kommunane rundt er det Gloppen og Ørsta som er gulast på kartet.

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er både Gloppen og Ørsta mørkegult på kartet. Stad, Bremanger, Stryn og Vanylven har ingen nye registrerte smittetilfelle i løpet av dei siste 14 dagane og er kvite på kartet.   Foto: Skjermdump frå VG

Nyhende

Helse Førde har i store deler av juni meldt om få positive prøver, og i løpet av ei periode på 14 dagar vart det meldt om berre negative prøver. Tysdag 22. juni vart det derimot meldt om ei positiv prøve i Kinn etter at Helse Førde hadde analysert 248 prøver og ei positiv prøve tatt i Gloppen onsdag 23. juni etter at 150 prøver hadde blitt analysert.