Politiet melder om slagsmål - også i Nordfjord

Vest politidistrikt melder om fleire slagsmål natt til laurdag.

Det har vore fleire slagsmål og ordensforstyrringar natt til laurdag, ifølgje Vest politidistrikt.   Foto: arkiv

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt på Twitter har det vore fleire slagsmål og ordensforstyrringar rundt om i politidistriktet natt til laurdag.

Særleg på Voss har det vore fleire hendingar. Rett over midnatt rykte politiet ut etter ordensforstyrringar på eit hotell i sentrum. Der fekk politiet kontroll og kontakt med begge partar. På Voss vart også ein mann i 40-åra sett i arrest.

– Er uregjerleg og har sett seg til motverje. Godt rusa, melder Vest politidistrikt.

Klokka 01:40 natt til laurdag meldte Vest politidistrikt om slagsmål på Voss. Det skal ha vore to personar som slost og amper stemning på staden.

Også i Måløy har det vore slagsmål i natt. Det var på ein utestad slagsmålet skal ha skjedd. Politiet var på staden og undersøkte.

– Eine part hevdar seg stukke med sprøyte. Politiet følgjer opp forholdet, melder Vest politidistrikt.