Andre dagen på rad med positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve. Dette er andre dagen på rad at helseføretaket melder om positive prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane har seks av åtte dagar vore utan positive prøver.   Foto: arkiv

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 150 prøver og ei av desse er positiv. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde torsdag morgon. Den positive prøva er tatt i Gloppen. Helse Førde gjer ein alltid merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dette er andre dag på rad at Helse Førde melder om ei positiv prøve. Tysdag analyserte helseføretaket 248 prøver og då også var ei av dei positiv. Denne var tatt i Kinn. Før desse to positive prøvene i Kinn og Gloppen var det to veker utan ei positiv prøve.

Onsdag 16. juni: 0 nye av 156 analyserte prøver

Torsdag 17. juni: 0 nye av 164 analyserte prøver

Fredag 18. juni: 0 nye av 163 analyserte prøver

Laurdag 19. juni: 0 nye av 116 analyserte prøver

Søndag 20. juni: 0 nye av 73 analyserte prøver

Måndag 21. juni: 0 nye av 120 analyserte prøver

Tysdag 22. juni: 1 ny av 248 analyserte prøver

Onsdag 23. juni: 1 ny av 150 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine tal er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.