Meiningar

Rasering av naturen: Kva er det som skjer?

VINDPARKAR: Dei tre toppkandidatane på stortingslista til Partiet De Kristine 2021 meiner at naturen rundt oss vert rasert. Bildet er frå Bryggja, med utsikt mot Hornelen og vindmøller.   Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

I det siste er fleire og fleire av oss blitt veldig overraska over digre vindturbinar som dukker opp når vi dreg ut til kysten av vakre Sogn og Fjordane. Dette turistfylket som vi alle er så stolte av å bu i. Rein natur, rein luft, høge fjell og djupe fjordar. Den lysegrøne fargen på gras og tre om våren og dei nydelege markblomane. Kva er det som skjer?

Dei 11 vindturbinane på Kvalheimsfjellet har stått der ei tid, men dei kan sjåast like til Stadt. I heile området rundt Svelgen kan ein sjå 47 digre, for meg skremande og malplasserte, vindturbinar stå der på Guleslettene. Dei sjåast i mils omkrets. Så har dei starta å bygge 5 turbinar på Okla på Stad og no er det bygginga på Lutelandet som står for tur. Dermed er heile kysten av Sogn og Fjordane dekka av synbare vindparkar kvar du snur deg. Legedom og kvile ved å beundre Guds frie og urørte natur forsvinn.

Dette er ei heilt unødvendig og irreversibel rasering av naturen. Skadene på fuglelivet er der nok dokumentasjon på. Øydelagde rotorblad kan ikkje resirkulerast. Dei blir gravde ned. Dette er forsøpling på høgste plan. At miljøvernorganisasjonane er for dette er meg heilt uforståeleg. Støyen av kvar turbin er som ei motorsag som kan høyrast på 3 km avstand. Den lågfrekvente lyden går igjennom husveggen. Rapporterte plager på mennesker er søvnvanskar, irritabilitet og konsentrasjonsvansker. Fleire protestgrupper er starta, men til kva nytte?

Fylkespolitikerane i Sogn og Fjordane tenkte nok at vindkraft var ein kjempegod ide utan forsøpling då dei vedtok 8 juni 2011 å utrede vindkraftparkar i Stad, Bremangerlandet, Flora, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen. Ordførar Ola Teigen i Kinn kommune sa då han angra: «Vi vart bondefanga.»

I Norge i dag er der neste 1200 vindturbinar i 22 vindparkar og fleire er på veg. På 5 år dekker desse no eit område som er større enn området som alle fritidshytter dekker som er bygde dei siste 100 åra. Kva er det som skjer?

Vindkraftproduksjon er nesten fråtatt beskatning for i det heile tatt å gje litt avkastning. Der er svært lite å tene for kommunane som seier ja til vindturbinar. Det gjev heller ikkje arbeidsplassar. Difor har regjeringa no gått ut med ei gulrot til vertskommunar om å kunne få meir inntening gjennom ei moderat produksjonsavgift frå 2022. I dag kan dei ta litt eigedomsskatt. I stortingsmelding nr. 28 (2019- 20) kan vi lese at vindkraftverk skal betale 22 % selskapsskatt (skatt på overskudd). Faktum er at dei mottek i dag «offentleg støtte gjennom gunstige avskrivingsreglar og elsertifikater.» Der er ikkje grunnlag for grunnrenteskatt. (naturskatt til staten). Kvifor skal vi rasere naturen og gjere livet surt for innbyggerane og fuglelivet i nærområda då? Dette er ei ønska motebølge frå regjring og storting som går over landet som må stoppast!

I dag betaler vasskraftverka 37 % i grunnrenteskatt og 22 % i selskapsskatt. Hadde staten gjeve reduksjon i grunnrenteskatten, kunne kraftverka brukt overskuddet til effektivisering og fornying av eksisterande kraftverk. Dette er ein enkel og god måte å frigjere pengar på til bruk på å auke kraftproduksjonen i Norge utan å bygge ein einaste vindturbubin.

Partiet De Kristne vil stanse denne «moten» og vil jobbe aktivt for å stanse vidare utbygging av vindkraft om du stemmer oss inn på stortinget 13 september. Vi seier ja til urørd natur langs vår vakre kyst utan vindturbinar og ja til å stanse påbyrja prosjekt og ja til å stanse eksisterande anlegg som er til sterk sjenanse for folk, natur og fugleliv.