Ein ny dag med berre negative prøver

Helse Førde melder om ein ny dag med berre negative prøver. Ein må tilbake til 8. juni for å finne ei positiv prøve.

ALLE ER NEGATIVE: I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 1137 prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 120 prøver og alle var negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dette er 13 dagen på rad der Helse Førde melder om berre negative prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 14. juni og måndag 21. juni, har Helse Førde analysert 1137 prøver. Ingen av desse har vore positive, og ein må tilbake til tysdag 8. juni for å finne ei positiv prøve.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Tala til Helse Førde viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Det er heller ingen tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.