Ingen positive prøver i helga

Helse Førde melder om berre negative prøver denne helga. Ein må tilbake til 8. juni for å finne ei positiv prøve analysert i Helse Førde.

Det er låge smittetal i Sogn og Fjordane for tida, og Helse Førde har ikkje analysert ei positiv prøve sidan 8. juni.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon viser at ingen nye personar har testa positivt for covid-19 i helga. Helse Førde har analysert 163 prøver fredag, 116 prøver laurdag og 73 prøver søndag.

Dette er tolvte dagen på rad der Helse Førde melder om berre negative prøver. Ein må tilbake til tysdag 8. juni for å finne ei positiv prøve.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom søndag 13. juni og søndag 20. juni, har Helse Førde analysert 1059 prøver. Alle desse er negative.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte.

Det er heller ingen tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19.