Sjette dag på rad utan positive prøver

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen nye positive prøver. Sist Helse Førde analyserte ei positiv prøve var tysdag 8. juni.

LITE SMITTE: Ein må no tilbake til tysdag 8. juni for å finne ei positiv prøve, viser tala til Helse Førde.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal vart 110 prøver analysert måndag. Ingen av desse var positive. Dette er sjette dagen på rad at Helse Førde analyserer berre negative prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 7. juni og måndag 14. juni har Helse Førde analysert 1077 prøver. Sist ei prøve var positiv var måndag 7. juni og tysdag 8. juni, viser tala til Helse Førde.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 på sjukehusa i Helse Førde.

Det er heller ikkje nokon tilsette, av rundt 3000, i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i helseføretaket har hatt stadfesta covid-19 smitte.