Ove Bjørlo, tidlegare rektor ved Eid vidaregåande skule:

– Dette er tre mønsterelevar

Det viktigaste unge flyktningar som kjem til Norge og for opphald kan gjere er lære språket, gå på skule og få seg ein jobb. Dette er integreringa sin ABC, seier Ove Bjørlo, tidlegare rektor ved Eid vidaregåande skule.

Tre brør: Brørne Ramin, Wahid og Omid kom til Norge som flyktningar frå Afghanistan i 2015. Til Eid kom dei i 2018. Etter fire år med topp innsats er dei no ferdige på vidaregåande. På biletet frå venstre: Line Kvalheim, minoritetsrådgjevar ved Eid vgs., Ramin, lærling maskinoperatør, Omid er ferdig med studiespesialiserande og skal studere vidare og bli lege. Wahid, framme til høgre, hadde tilbod om lærlingplass innan automasjon frå tre bedrifter i regionen. Valet fall til slutt på Ulvesund Eelektro i Måløy. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Denne veka er det slutt på skuleåret for elevane ved Eid vidaregåande skule. Nokre er ferdige med den vidaregåande skulegangen, andre får eit par månader med skulefri, før dei starar opp att til hausten. Brørne Ramin, Omid og Wahid har fullført vidaregåande og er klare for å starte på nye kapittel i liva sine.