– Det er framleis ein god del ledige plassar igjen

Stad kommune er godt i gong med å vaksinere gruppe åtte og over 600 personar i denne gruppa har fått ei dose. Måndag la Stad kommune ut fleire timar til vaksinasjon.

Stad kommune er i gong med å vaksinere gruppe åtte, personar i alderen 55 til 64 år.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld er Stad kommune no så å seie ferdig med å vaksinere personar over 65 år. No er ein i gong med å vaksinere gruppe åtte, personar mellom 55 og 64 år.