Stad invitert til å bli med i demokratiprosjekt

Stad kommune er ein av åtte kommunar i landet som er invitert til å søkje om å bli med i KMD sitt demokratiprosjekt.

Demokrati: Kommunedirektør Åslaug Krogsæter orienterte om demokratiprosjektet som Stad kommune er invitert til å delta i.   Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

– Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har invitert Stad kommune til å søkje om å deltaking i eit nytt nasjonalt lokaldemokratiprosjekt. Bakgrunnen for at KMD ønskjer Stad kommune med kan sporast tilbake til kommunesamanslåingsprosessen, då det vart lagt køyreplan for aktivitetar som blant anna gjekk ut på korleis ein skulle styrke lokaldemokratiet i den nye kommunen. I samband med samanslåingsprosessen rapporterte vi til KMD. På denne bakgrunn har Stad kommune blitt plukka ut som ein av åtte kommunar, sa kommunedirektør Åslaug Krogsæter og la til at dei åtte kommunane som blir valt ut vil kunne få inntil 300. 000 kroner i tilskot til utviklingsarbeid på lokaldemokratiområdet i ein toårsperiode. Formannskapet stilte seg positive til å bli med. Saka går vidare til kommunestyret.