OKLA- eit demokratisk problem

Falck Renewables Vind har no fått løyve til å endre fundamenteringa til turbinane på Okla vindkraftverk. Både prosessen rundt godkjenninga av endringssøknaden, og behandlinga av klagene i etterkant, gjer det vanskeleg å ha tillit til systemet, prosessane og sakshandsaminga. 

- No ser det ut til at Okla skal bli ståande som eit tragisk eksempel på feilslått politikk, og eit system som har svikta., skriv Bent-Inge Borgund (SV) i dette innlegget.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

OED er einig i at tilltakshavar burde ha opparbeida seg tilstrekkeleg kunnskap om grunnforholda i samband med MTA-plan, og at ein skulle sett at fjellfundamentering ikkje var mogleg. Dei finn det uheldig at gravitasjonsfundamentering ikkje blei vurdert, slik at ein kunne ta naudsynte forbehald i den samanheng.


Okla vindkraft

OED skal avgjere om fundamentering

Stad-ordførar Alfred Bjørlo viser til opplysningar i media (NRK Vestland) om at NVE har avslutta si sakshandsaming av endra fundamenteringsløysing av Okla vindkraftverk og sendt saka vidare til Olje- og energidepartementet for endeleg avgjerd. Han har bede OED om å gje oppsetjande verknad på NVE sitt vedtak om å innvilge den omsøkte endringa av fundamenttype, slik at det ikkje startar arbeid med å lage gravitasjonsfundament før OED har handsama saka ferdig.



Meiner Okla-prosessen framstår som ein skinnprosessOkla-

- NVE og OED si avgjerd om å endre konsesjonen til Okla Vindkraftverk til å tillate meir omfattande inngrep i naturen enn i opprinneleg konsesjon, framstår som ein skinn-prosess, meiner ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.



Okla vindkraft

Alle klagene blir avvist

Fredag kom endeleg svar frå Olje- og energidepartementet. Alle klagene om Okla vindkraftverk blir avvist.


Dette får ingen følgjer for utbyggjar. Tvert imot har endringane blitt godkjent i full fart utan å bli lagt ut på høyring.

Ei av forklaringane frå NVE til det, var at utbyggjar ikkje ville rekke tidsfristen for idriftsettelse ved ei høyringsrunde. OED ser heller ikkje at det er naudsynt å legge endringa ut på høyring. Dei begrunnar dette med at ein vid krets har gjort seg kjent med vedtaket til NVE og uttrykt sine synspunkt gjennom klage.

At OED brukar innkomne klager som grunn for å unnlate høyring er bemerkelsesverdig. Det er ikkje rett å unnlate høyring på grunn av at berørte kan sette seg inn i saka og klage i etterkant. Ei høyring skal jo vere med på å danne eit rett grunnlag for å fatte vedtak, og må då naturligvis finne stad før vedtak skal fattast. OED meiner at det er usannsynleg at høyring ville tilført saka opplysningar av betydning. Eg meinar det er problematisk at dei konkluderar med det i forkant.

Det er òg betenkeleg at OED i denne saka ikkje fant grunnlag for å stogge arbeidet medan klagene skulle behandlast. Det kan virke som dei då har konkludert med utfallet i forkant her òg. Klagene har blitt behandla og avslått i rekordfart, men tida dette ville ta kunne ein vel ikkje vite på førehand. For meg virkar det absurd at utbyggjar i teorien kunne støype fundamenta før klagene blei tatt hensyn til.

NVE og OED har brukt utbyggjar si redegjering i merknad til klagene, for å få eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. Viktige punkt som blir påklaga er at det blir auka klimautslepp på grunn av endringa til støypte gravitasjonsfundament. Her viser NVE og OED til at utbyggjar har redegjort i sine berekningar at meirutslipp vil vere spart inn etter 15 dagar med gjennomsnittleg drift, og at endringa fører til ei auking på 0,6 pst av prosjektets totale forventa utslipp. OED kan ikkje sjå at dette er av avgjerande betydning.

Vidare kan ikkje NVE svare på spørsmål om auka utslipp. Dei viser til at det ikkje finns noken metode for utrekning og vurdering av klimarekneskap i forbindelse med behandling av vindkraftverk. Eg stiller då spørsmål ved truverdigheita til utbyggjar sine berekningar. Og korleis det har blitt faktasjekka av OED/NVE sidan det er medrekna i kunnskapsgrunnlaget for avgjerda.

Utbyggjar ser på klagene som ein omkamp om konsesjonsløyve. Kamp mot vindkraftverket på Stad har det vore heile vegen, så omkamp er det ikkje. Dette er nok eit eksempel på feil og manglar i utredningar og konsesjonsgrunnlag. Kjent kunnskap og faktagrunnlag har blitt lagt til sides. Etter oppstart har det blitt gjort store endringar og det har blitt innvilga fleire dispensasjonar på grunn av dårleg planlegging og manglande undersøkingar.

No ser det ut til at Okla skal bli ståande som eit tragisk eksempel på feilslått politikk, og eit system som har svikta.

Det vil nok få følgjer for krav til utredningar og undersøkingar i framtidige saker. Men at ein ikkje kan gripe inn og stogge eit prosjekt som Okla når ein ser konsekvensane det får, då har vi eit grunnleggande demokratisk problem.