No kan ungdom få sommarjobbar i kommunen

Frivilligsentralane i Stad har fått 200.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til å skape sommarjobbar for ungdom i alderen 14–20 år.

- Dette er kjempestas, seier Astrid Grete Torheim. Frivilligsentralane i Stad har nemleg fått 200.000 i gåve til å skape sommarjobbar for ungdom.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Dette er kjempestas, og dette er midlar som er lov å bruke som løn til ungdom, seier Astrid Grete Torheim i Eid Frivilligsentral. Og her er det jobbar både på Nordfjordeid og i Selje.