Myklebuståsen Vel

Vil skape ei levande velforeining

Oppgradering av fire leikeplassar står som førsteprioritet for det nyetablerte velforeininga i Myklebuståsen på Nordfjordeid.

Myklebuståsen Vel er no stifta, og eit styre er på plass. I første omgang fokuserer dei på å få i orden leikeplassane, for å skape sosiale arenaer der både barn og vaksne kan møtast.  Foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Noko må gjerast før det skjer ulykker. Vi har ingen å miste.

Nyhende

– Det er mykje småbarnsfamiliar som no er busette i Myklebuståsen. Her har vore eit generasjonsskifte. Vi ser difor behovet for at dei gamle leikeplassane vert oppgraderte og meir innbydande enn slik dei framstår i dag, seier Tor-Helge Lien Rasmussen, leiar i velforeininga.