Kommunedelplan for sjøområda i Stad kommune

Totalt 17 står att

Sidan første gongs utlegging er 12 akvakulturareal tekne ut. Medrekna eksisterande areal er det no 17 akvakulturareal som står att i administrasjonen si tilråding til 2. gongs utlegging av sjøarealplanen.

LIGG INNE: Tabell som viser kva lokalitetar som framleis ligg inne i administrasjonen og UAE sitt framlegg til sjøarealplan i samband med andre gongs utlegging. Formannskapet handsamar sak om utlegging i dag. 

Nyhende


Prosjektleiar Hanne Marie Utvær orienterte i utvalsmøte tysdag om arbeidet med Kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune. Engasjementet er stort. I samband med 1. gongs høyring har det kome inn 187 innspel og merknadar innan høyringsfristen. I tillegg har det komne nokre tilleggsmerknadar frå privatpersonar og bygdelag i april og mai.