Plan for «hotelltomta» i Selje

Skepsis til høgde og leilegheitssal

Planane for nybygg ved Seljesanden omfattar 60–90 hotellrom og suitar/fritidsleilegheiter for sal og utleige. – Dei burde vore ærlege på kva planar dei hadde frå byrjinga av, meiner Gunn Sande (Sp).

VELDIG UHELDIG: ‒ Føresetnaden for å gje frå oss tomta var hotellføremål. Private leilegheiter heilt inn i Selje si sandstrand tykkjer eg vil vere veldig uheldig. Det seier leiaren i Utval for Areal og eigedom, Gunn Sande (Sp).  Foto: Anna Wuttudal

Her ligg ved for lite teikningar til at eg kan danne meg eit bilde av kva dei held på med.

Gunn Sande (Sp)
Nyhende

Leiar i Utval for areal og eigedom Gunn Sande reagerer på at hotellplanane i Selje no plutseleg også omfattar ferieleilegheiter for sal. For henne sat det veldig langt inne å vere med på å selje det kommunale bygget som inneheldt helsestasjon og legekontor. Eitt av kriteria for å selje, var at det skulle nyttast til hotell.