Stor interesse for masse frå skipstunnelen

Mange areal i planen

Når det gjeld bruk av masse frå Stad skipstunnel, så har ein no i forkant av utlegging til 2. gongs høyring av sjøarealplanen lagt inn fleire nye område som gjeld masseplassering.

SKEPTISK: Det var felles orientering for både Utval for areal og eigedom (UAE) og Utval for kultur, idrett, samfunn og næring. Utvalsleiar Geir Årvik (H) var ein av dei som tykte planane for moloen på Leikanger var altfor omfattande. Han peika på her må ein rekne med mange protestar. Leiar i UAE, Gunn Sande (Sp) reknar med at alle dei frå Fru Inga til Per Stave kjem til å protestere. 

Nyhende

Det har vore mange kritiske merknadar til massedeponi og dumparveg i strandsona på Berstad og i Kjøde, til fiskerihamn i Lestovika, småbåthamn i Jensevika ved Selje sentrum og til innspel om turistføremål og småbåthamn på Salt. Særleg til utviding av næringsområde på Flatraket har det kome mange negative merknadar, men òg til utviding for Pelagia og for næringsområde på Reset har det kome negative merknadar.