Kunnskapsministeren vil skjerpe tilbodet i SFO

Barn som går på SFO skal frå hausten få betre kvalitet på mat og aktivitetar. Kunnskapsministeren innrømmer at det ikkje er bra nok i dag.

Den nye rammeplanen for SFO skal gjelde frå 1. august. Fysisk aktivitet og mat og måltidsgleder er viktige område for SFO å jobbe med. Det er også viktig at alle barn blir sett og inkludert i leiken og i aktivitetane, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).   Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

Kunnskapsminister Guri Melby (V) meiner at tilbodet med skulefritidsordninga (SFO) i nokre kommunar liknar ein oppbevaringsplass der barna får tilsyn.