Bør skrote Nasjonal Transportplan

– Nasjonal transportplan ser ut til å bli eit politisk lappeteppe som knapt heng saman. Den regjeringa som sit etter valet bør skrote planen og starte på nytt, seier direktør Kjell-Olav Gammelsæter i Norske Havner.

Norske Havner har tidlegare gått inn for eit kystløft, og krev at sjøtransportens del av ramma i NTP må aukast frå dagens 2,7 prosent til 5 prosent i 2025 og 7 prosent i 2029.  Foto: Jill Johannessen

Det er svært skuffande at partitaktiske omsyn går føre føreseieleg vilkår for innbyggarar og næringsliv. Om vi har lært éin ting, så er det at viktige transportplanar ikkje bør vedtakast nært eit val, seier Kjell-Olav Gammelsæter, direktør i Norske Havner 

Nyhende

Transport- og kommunikasjonskomiteen har levert si innstilling til ny Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2022-2033 til Stortinget. Den inneheld blant anna 173 forslag frå mindretalet i komiteen. Det er ti gonger fleire forslag enn ved behandling av førre NTP i 2017, og vitnar om at partia ikkje har klart å bli einige om dei store linjene.

– Dette er ei fallitterklæring for demokratiet. Det er svært skuffande at partitaktiske omsyn går føre føreseieleg vilkår for innbyggarar og næringsliv. Om vi har lært éin ting, så er det at viktige transportplanar ikkje bør vedtakast nært eit val, seier Gammelsæter.

Valflesk

Han meiner det nettopp er det føreståande stortingsvalet som gjer at opposisjonspartia ikkje vil inngå kompromiss, og i staden brukar planen til å fremje sine eigne politiske luftslott.

– Når innstillinga blir følgt av 173 mindretalsforslag, er det openbert at opposisjonspartia berre er villige til å stemme på sine hjartesaker opp mot valet, og ikkje er interessert i en heilskapleg plan, seier Gammelsæter som legg til at partia si manglande evne til samarbeid gjer at Stortinget i neste uke må halde seg til eit lappeteppe av ein plan der alle detaljer og valflesk totalt overskygger den overordna retninga.

Ramma for regjeringa sin opphavelege plan var på 1.200 milliardar kroner over 12 år. Frp har tidlegare varsla at dei vil auke planen med 400 milliardar kroner. 123 av de milliardane skal brukast på hovudkravet om å fjerne alle bompengar, noko Gammelsæter meiner vil resultere i langt meir lastebiltrafikk på vegane.

Krev kystløft

– Slike forslag er totalt urealistiske. Det gjer at vi endar opp med ein plan som spriker i alle retningar, og at vi kanskje må vente til årsskiftet før vi får ei endeleg avklaring på mange viktige spørsmål og prioriteringar.

Norske Havner har tidlegare gått inn for eit kystløft, og krev at sjøtransportens del av ramma i NTP må aukast frå dagens 2,7 prosent til 5 prosent i 2025 og 7 prosent i 2029.

– Det siste året har regjeringa lagt fram perspektivmelding, klimaplan, nasjonal transportplan, maritim melding og utgreiingar om demografi og distriktsnæringar. Grøn sjøtransport er ein fellesnemnar som vil bidra til å løyse mange av desse utfordringane. Auka satsing på kyst og sjøtransport kan både redusere klimagassutslepp og skape fleire attraktive lokalsamfunn, seier Gammelsæter som understrekar at då må politikarane samarbeide.

Nær ein parodi

–Politikarane vere villige til å samarbeide om gode løysingar. Vi har allereie vore gjennom ei politisk behandling av klimaplanen som blei eit lappeteppe av sprikande politiske ønskje. Det einaste ein syntest å bli einige om, var at NTP skulle bidra for å oppfylle klimaplanens ambisjonar om reduserte klimagassutslepp. Når også NTP blir ein valkampplan snarare enn ein strategisk plan for framtidig transport, begynner vi å komme farleg nær ein parodi, seier Gammelsæter.