Riksveg 15 Strynefjellet inn Nasjonal Transportplan

Regjeringspartia snudde på oppløpssida

Regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF legg inn 500 millionar kroner til oppstart av ny lang tunnel på Rv15 Strynefjellet i første periode av Nasjonal Transportplan 2022-2033, med fullfinansiering i andre del av NTP-perioden.

Snudde: Regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti valde å snu på oppløpssida, og la opprusting av Rv. 15 – Strynefjellet – inn i Nasjonal Transportplan. Frå venstre på biletet: Stortingsrepresentant og 1.-kandidat for Sogn og Fjordane KrF Tore Storehaug (KrF), Olve Grotle, 1.-kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, og ordførar i Sunnfjord, og Alfred Bjørlo 1.-kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane og ordførar i Stad. Pressefoto 

Nyhende

– For oss i Senterpartiet (Sp) er det ein siger at regjeringspartia no seier ja til å legge Rv 15 Strynefjellet inn i Nasjonal Transportplan, seier Erling Sande, 1.-kandidat til Sp i Sogn og Fjordane, som samstundes viser til at partiet har hatt opprusting av Strynefjellsvegen inne i sitt forslag til NTP 2022–33 frå starten av.