Vestlandsbedriftene

Opitimismen er tilbake

Optimismen er tilbake for fullt for vestlandsbedriftene – det viser den ferske Vestlandsindeksen. Framover blir det fart på etterspørselen, og bedriftsleiarane forventar at lønnsemda skal stige.

Gjenopninga får fart på forventningsindeksen hos bedriftene på Vestlandet. Dette kjem fram i Vestlandsindeksen for 2. kvartal 2021.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Næringslivsleiarane på Vestlandet melder om ein sterk auke i forventningane til dei neste seks månadene. Det viser Vestlandsindeken for andre kvartal 2021. Forventningsindeksen endar på 65,6 poeng, opp frå 61,1 poeng frå første kvartal.