Ein aksjon for framtidige generasjonar -

Må bevare, ikkje øydelegge

I dag var nokre av dei som står bak aksjonen med protestbannera samla for å utdjupe litt om kva dei vil med aksjonen mot oppdrett i Nordfjorden.

FOR FRAMTIDA: ‒ Vi kjempar for at barnebarn og oldebarn skal ha ein levande fjord. Det seier frå venstre Rune Bruvoll, Per Odd Lefdalsnes, Stein Roger Hansen og Gunnar Olsen Totland. Med protestbanner langs vegar og t-skjorter med påskrift gir motstandarane av meir oppdrett i Nordfjorden tydeleg til kjenne sitt syn. Foto: Anna Wuttudal 

Er ikkje ordføraren like mykje ordførar for Haus og Bryggja?

Gunnar Olsen Totland
Nyhende

– Tanken bak er å sørge for at fjorden består. Vi har ikkje noko alternativ. Det kan ikkje vere slik at vi skal vere den siste generasjonen som opplever ein levande fjord. Vi må bevare og ikkje øydelegge. Dette er ein aksjon for framtida. Det seier ein av eldsjelene når det gjeld motstand mot oppdrett i Nordfjorden, Per Odd Lefdalsnes. Han fryktar at det å auke opp så mykje som ligg i sjøarealplanen, vil innebere at ein legg fjorden død.