Vil slå eit slag for blomstrande bygder

Lei smular og søppel

Gjennom 40 år har Aud og Jarle Torheim drive næringsverksemd i den vesle bygda Torheim i Stad kommune. No reagerer dei på manglande støtte frå storsamfunnet, til vegen som framleis er like smal. I staden skal dei få oppdrettsanlegg som dei slett ikkje vil ha.

Ekteparet Aud og Jarle Torheim kan sjå tilbake på ei 40 år lang suksesshistorie med gartneri, trass to mil med smal veg til kommunesenteret Nordfjordeid. Men dei kjenner seg slett ikkje prioritert for strevet, og meiner at små bygder kjem meir og meir i bakleksa. – Kvaliteten med mindre plassar kjem ikkje fram, og mange har aldri sett sine bein i dei mindre bygdene. Vi er vel ein del av Stad kommune vi også? undrast dei og viser til at det einaste dei får er oppdrettsanlegg som dei slett ikkje vil ha. 

Nyhende

Har du blitt van med to køyrebaner og gul midtstripe, kan det vere ein stor overgang å skulle køyre vegen mot Torheim.