Intervallet mellom vaksinedosane blir korta ned frå 12 til ni veker

Regjeringa har vedteke å korte intervallet mellom første og andre dose av koronavaksinane frå 12 til 9 veker etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Regjeringa har vedtatt å korte ned intervallet mellom første og andre vaksinedose frå 12 til ni veker. Endringa trer i kraft med ein gong. For personar over 65 år og personar med underliggande sjukdomar tilrår ein framleis seks vekers intervall.  Foto: Stad kommune

Nyhende

I slutten av april vart det vedteke å auke intervallet mellom første og andre dose av mRNA-vaksiner (Pfizer-BioNTech og Moderna) til inntil 12 veker for dei under 65 år utan underliggande sjukdomar. Bakgrunnen for dette var å sikre at flest mogeleg fekk tilbod om første vaksinedose så raskt som mogeleg.

God tilgang

- Vi har svært god tilgang til vaksiner framover. Vaksineringa går no så fort at vi allereie kan korte ned intervallet. Med dagens forventa leveransar meiner FHI at vi kan oppnå den ønska effekten, å tilby første dose så raskt som mogeleg, ved å sette intervallet til 9 veker i staden for 12 veker. Denne justeringa kan bli endra dersom det blir endringar i vaksineleveransane, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding i dag, måndag 7. juni.

For dei over 65 år og dei med underliggande sjukdomar tilrår ein framleis seks vekers intervall.

Programstrategi

Nedtrapping av doseintervall er ein del av FHI sin programstrategi for å sikre så rask fullvaksinasjon av befolkninga som mogeleg.

─ Endring i doseintervall frå 12 til 9 veker blir innført med ein gong. Vi ber derfor kommunane om å endre timar for dei som har fått første dose med tilbakeverkande kraft frå veke 20 så langt det er praktisk mogeleg, seier Høie.

Påverkar ikkje vaksinasjonstempoet

Endringane vil ikkje medføre at nokon kommunar må gje frå seg fleire doser. Endringa vil heller ikkje påverke vaksinasjonstempoet i kommunane som gjev frå seg doser i forbindelse med den geografiske omfordelinga. FHI jobbar for å kunne levere ei oversikt over vaksineleveransar til kommunane for sommaren snarleg.