Endeleg festspel!

Nynorsk kultursentrum gler seg stort over å endeleg kunne invitere publikum til Festspela 2021! 10.–13. juni blir det 36 arrangement i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda.

Plakten for festspela som blir gjennomført 10.-13. juni har mange kjende namn på plakaten, med festspeldiktar Sigmund Løvåsen i spissen.   Foto: Nynorsk Kultursentrum

Nyhende

– Med den krevjande tida samfunnet og kulturlivet no har vore gjennom, er det fantastisk å endeleg kunne ta imot flotte utøvarar og publikum til festival i Ørsta og Volda, seier Olav Øyehaug Opsvik, arenaleiar ved Aasentunet.