Dyr skal ha det godt

─ NRK har lagt fram bilete tekne i samband med innbrot i svinefjøs som syner dårleg dyrevelferd. Slike tilhøve skal vi ikkje ha i norske fjøs, seier leiar i Vestland Bondelag Anders Felde.

─ Mattilsynet må gjerne gjennomføre fleire ikkje-varsla besøk dersom dette er noko ein ynskjer for å sikre at alle driv svineproduksjon med god dyrevelferd. Det er Mattilsynet som skal følgje opp dyrevelferda i norske fjøs og ikkje aktivistar, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.   Foto: Privat

Nyhende

─ Vi i landbruksnæringa er sjølvsagt svært leie og opprørte over å sjå dyr som ikkje har det bra. Filminga og bileta viser mange tilfelle av brot på dyrevelferdskrava som gjeld i næringa. I tillegg er det dårleg reinhald som på ingen måte er tillitsvekkande for næringa. Brota på dyrevelferdskrava er til dømes fiksering av gris, fleire bilete av halebiting som kjem av for lite rotemateriale i bingen, sjuke dyr som går saman med friske dyr og dyr med store magebrokk som skulle vore avliva eller behandla. Ingen av gardane som er filma er frå Vestland, men vi tek likevel situasjonen på alvor. Alle brota som blir vist i filmen hadde blitt teke tak i dersom Mattilsynet hadde funne liknande avvik i sine besøk hos grisebonden, seier Felde.