Torgdag i Seljeparken

– Gammalt kan bli gull for andre

– Det er ein gyllen moglegheit til å bli kvitt ting heime. Ungane har blitt så store, og veks sjølvsagt frå saker og ting, seier Sonja Hatlenes frå Kjølsdalen.

YMSE: Sonja Hatlenes bur i Kjølsdalen, men kjem frå Selje, og stilte opp i parken med ymse – alt frå leiker til sportsutstyr.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

På loppis kan ein finne skattar som andre ikkje vil ha lenger.

Nyhende

Ho var ein av mange som stilte opp på torgdag i parken i Selje sentrum laurdag. Her var ein samde om ein ting – gammalt kan bli gull for andre.