Trenden held fram

Den gode trenden held fram. No er det fleire dagar utan koronasmitte i Helse Førde sitt område.

Den gode trenden held fram. No har det ikje vore koronasmitte i Helse Førde sitt område på mange dagar.  Foto: Arkiv: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Laurdag vart 80 prøver analyserte. Ingen av dei viste koronasmitte, opplyser Helse Førde.

Dermed har sju av åtte siste dagane viste ingen nye smitte.

Her er Helse Førde si eiga oversikt:

Laurdag 29. mai: 0 nye av 146 analyserte prøver

Søndag 30. mai: 0 nye av 32 analyserte prøver

Måndag 31. mai: 3 nye av 118 analyserte prøver

Tysdag 01. juni: 0 nye av 233 analyserte prøver

Onsdag 02. juni: 0 nye av 151 analyserte prøver

Torsdag 03. juni: 0 nye av 149 analyserte prøver

Fredag 4. juni: 0 nye av 124 analyserte prøver

Laurdag 5. juni: 0 nye av 80 analyserte prøver