Køyrde 89 km/t i 60 -sone

Ein bilist suste inn i UP sin fartskontroll i Hornindal, og vart tatt for å køyre i 89 km/t i 60-sone.

UP har hatt kontrollar i distriktet i helga.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Utrykningspolitiet tok mange i å ha køyrd for fort gjennom Hornindal søndag. Det vart skrive ut 12 forenkla førelegg for fartsoverskridingar, i tillegg til at sjåføren som køyrde i 89 km/t i 60-sona vert meldt, og politiet opprettar sak.

UP flytta seg vidare til E39 Austefjorden i 80-sona. Her vart det skrive ut 11 forenkla førelegg, og ein vart meld og fekk førarkortet beslaglagt for å ha køyrd 142 km/t i 80-sona.

Det er Møre og Romsdal Politidistrikt som melder dette.