Tredje dag på rad med berre negative prøver

For tredje dag på rad melder Helse Førde om berre negative prøver.

Dei siste åtte dagane har tre av 1202 prøver vore positive. Sju av åtte dagar har vore utan positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 149 prøver og alle desse prøvene var negative. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde fredag morgon.

Dette er tredje dagen på rad at Helse Førde melder om ingen nye positive prøver. Så langt denne veka har det vore meldt om tre positive prøver, alle tatt i Kinn.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom torsdag 27. mai og torsdag 3. juni, har Helse Førde analysert 1202 prøver. I denne perioden har sju av åtte dagar vore utan positive prøver. Einaste dag med positive prøver i løpet av desse åtte dagane er måndag 31. mai med tre positive prøver.

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen tilsette av rundt 3000 i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Totalt åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19.