Petra (88) – ei samfunnsengasjert dame

Mange har fått innskrenka livet sitt under koronapandemien, men ifølgje Petra Torheim i Hunvik er det berre blåbær samanlikna med det folk opplevde i krigsåra 1940 til 1945.

Budd der heile sitt liv: Petra Klara Torheim (88) har budd i Hunvik heile livet. Straumen kom til bygda i samband med bygginga av 66 kV linja frå Mettenes til Kroknakken i 1953. – I dag er det ingen som kan førestille seg korleis eit liv utan elektrisitet er, seier Petra. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Bakgrunnen for besøket vårt hjå Petra Torheim i Hunvik, er at ho også tok kontakt med Fjordabladet då avisa hadde ein reportasje om fjerninga av den gamle 66 kV-linja frå Øksneelvane med fjordspenn frå Metteneset på sørsida av Hunvikfjorden til Korknakken på nordsida.