Elin Hesjevik, mamma til Torbjørn Vereide, har brukt dei fem siste åra på å skrive boka De heldige, som tar for seg terroren 22. juli 2011 og dei ti åra som har gått. I midten av juni kjem boka ut, men før den tid kjem ho til Nordfjordeid for å signere bøker, og snakke om 22. juli og boka på Eid vidaregåande skule. Foto: Saba Hatzimarkos

Formidlar korleis det var å stå på sidelinja som mamma

Ti år etter at terroren ramma Norge og 77 menneske vart drepne, har Elin Hesjevik, mamma til Torbjørn Vereide, skrive boka De heldige. – Når nokon vert ramma av eit traume, anten det er det Torbjørn har opplevd eller ei ulukke, er det ingen sjølvfølgje at livet skal gå bra etterpå.