Vestland tar ansvar for utvikling av hydrogenbåtar

Florø-Måløy-Selje er peika på som mogleg samband for pilotbåt

Vestland ønskjer å ta leiarskap i utviklinga av nye hurtigbåtar som går på hydrogen.

NULLUTSLEPP: Den første hurtigbåten i Vestland med nullutslepp blir planlagt for hydrogen.  Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Nyhende

─ Eg ser fram til dette arbeidet, der vi nok ein gong brukar offentlege innkjøp til å stilla krav som gjev innovasjon og teknologiskifte, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding etter at fylkesutvalet har vedteke å jobbe vidare med å førebu og kunngjere utlysing av anbod på dei nye hurtigbåtane.