Seks av åtte dagar har vore utan positiv prøve

Det er ingen nye positive prøver etter at 151 prøver vart analysert onsdag, viser tala til Helse Førde. Så langt denne veka har tre prøver vore positive.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde meldt om fire positiv prøver.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 151 koronaprøver og ingen av desse var positive. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde torsdag morgon.

Dette er andre dag på rad utan positive prøver.

Tre positive denne veka

Så langt denne veka har tre av prøvene vore positive. Alle desse tre skal vere tatt i Kinn og analysert i Helse Førde måndag.

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom onsdag 26. mai og onsdag 2. juni, har Helse Førde analysert 1375 prøver. Av desse har fire vore positive. I tillegg til dei tre prøvene måndag, var også ei prøve positiv onsdag 26. mai.

I løpet av desse åtte siste dagane har seks av dagane vore utan positive prøver.

Onsdag 26. mai: 1 ny av 322 analyserte prøver

Torsdag 27. mai: 0 nye av 188 analyserte prøver

Fredag 28. mai: 0 nye av 185 analyserte prøver

Laurdag 29. mai: 0 nye av 146 analyserte prøver

Søndag 30. mai: 0 nye av 32 analyserte prøver

Måndag 31. mai: 3 nye av 118 analyserte prøver

Tysdag 01. juni: 0 nye av 233 analyserte prøver

Onsdag 02. juni: 0 nye av 151 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine tal er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Av dei rundt 3000 tilsette i helseføretaket, så var ingen av dei heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona torsdag morgon. Åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19.