Regjeringspartia seier ja til Strynefjellet

Høgre, Venstre og Krf seier ja til ny StrynefjellstunnHøgre, Venstre og Krf legg inn 500 millionar kroner til oppstart av ny lang tunnel på Rv15 Strynefjellet i første periode av Nasjonal Transportplan 2022-2033, med fullfinansiering i andre del av NTP-perioden.

Regjeringspartia seier ja til Strynefjellet, stadfestar denne gjengen. F.v Tore Storehaug (KrF), Olve Grotle (H) og Alfred Bjørlo (V).  Foto: Pressefoto

Nyhende

- No er det ingen tvil: Det blir ny tunnel på Rv15 Strynefjellet. Kampen er vunnen! Eg er på vegne av Venstre utruleg glad for at regjeringspartia no står samla om oppstartsløyving i første periode av NTP. Eg vil særleg takke næringslivet for eit enormt engasjement i saka. Konvoien sist søndag gjorde inntrykk og var med å sikre gjennomslag i siste sving, seier Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, ordførar i Stad og leiar i Nordfjordrådet.