Neste veke kan alle mellom 55-64 bestille vaksinetime

- Frå neste veke av tek vi til med tilbod om koronavaksine til personar i prioriteringsgruppe 8, det vil seie folk flest i aldersgruppa 55-64 år, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune.

-Frå neste veke tek ein til med tilbod om koronavaksine til folk flest mellom 55-64 år i Stad, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- Vi prioriterer no ikkje lenger med innkalling av enkeltpersonar etter alder år for år, men opnar for heile grupper av gongen. Alle i gruppe 8 har no fått tilgang til å bestille time, fortel han.