Tre nye positive prøver

Måndag var tre av 188 analyserte prøver positive, viser Helse Førde sine tal. Dette er dei første positive prøvene sidan 26. mai.

Helse Førde melder om tre nye positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 118 prøver og tre av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine tal tysdag. Dei tre positive prøvene er tatt i Kinn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Desse tre positive prøvene er dei første positive sidan onsdag 26. mai. Då var ei prøve av 322 analyserte prøver positiv.

Fire positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 24. mai og måndag 31. mai, har Helse Førde analysert 1303 prøver. Av desse 1303 prøvene har fire prøver vore positive. Desse fire er altså frå onsdag 26. mai og måndag 31. mai.

Seks av dagane i denne perioden har vore utan positive prøver.

Måndag 24. mai: 0 nye av 84 analyserte prøver

Tysdag 25. mai: 0 nye av 158 analyserte prøver

Onsdag 26. mai: 1 ny av 322 analyserte prøver

Torsdag 27. mai: 0 nye av 188 analyserte prøver

Fredag 28. mai: 0 nye av 185 analyserte prøver

Laurdag 29. mai: 0 nye av 146 analyserte prøver

Søndag 30. mai: 0 nye av 32 analyserte prøver

Måndag 31. mai: 3 nye av 118 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Helse Førde sine oppdaterte tal viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Tysdag morgon var det heller ikkje nokon tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Åtte tilsette av rundt 3000 i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.