Berre ei positiv prøve dei siste åtte dagane

Helse Førde melder om nok ein dag med berre negative prøver. Dei siste åtte dagane har det berre vore meldt om ei positiv prøve.

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane har Helse Førde analysert 1171 prøver og ei av desse har vore positiv.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 32 prøver og ingen av desse var positive. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde måndag morgon.

Dette er fjerde dagen på rad utan ei positiv prøve. Sist Helse Førde meldte om ei positiv prøve var onsdag 26. mai. Då var ei av 322 analyserte prøver positiv.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom søndag 23. mai og søndag 30. mai, har Helse Førde analysert 1171 prøver. I denne perioden har berre den eine prøva onsdag 26. mai vore positiv. Dette betyr at sju av dei siste åtte dagane har det berre vore negative prøver.

Søndag 23. mai: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 24. mai: 0 nye av 84 analyserte prøver

Tysdag 25. mai: 0 nye av 158 analyserte prøver

Onsdag 26. mai: 1 ny av 322 analyserte prøver

Torsdag 27. mai: 0 nye av 188 analyserte prøver

Fredag 28. mai: 0 nye av 185 analyserte prøver

Laurdag 29. mai: 0 nye av 146 analyserte prøver

Søndag 30. mai: 0 nye av 32 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Helse Førde sine tal viser også at det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.