Analyserte 188 prøver - ingen nye positive

Det er ingen nye positive prøver etter at Helse Førde analyserte 188 prøver torsdag. Det er heller ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 på sjukehusa i Helse Førde.

HELSE FØRDE: Så langt denne veka har ei prøve vore positiv etter at 752 prøver er analysert.   Foto: TORMOD FLATEBØ

Nyhende

Helse Førde analyserte 188 prøver torsdag og alle er negative. Dette viser dei oppdaterte tala til helseføretaket fredag morgon.

Så langt denne veka har det vore ei positiv prøve etter at Helse Førde har analysert 752 koronaprøver. Den positive prøva vart analysert onsdag og er tatt i Kinn.

Åtte siste dagane

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom torsdag 20. mai og torsdag 27. mai, har ti prøver vore positive etter at Helse Førde har analysert 1852 prøver. I tillegg til den eine positive prøva onsdag, var det også fire positive prøver torsdag 20. mai og fem positive prøver fredag 21. mai. Fem av dei åtte prøvetakingsdagane har vore utan positive prøver, viser tala til Helse Førde.

Torsdag 20. mai: 4 nye av 419 analyserte prøver

Fredag 21. mai: 5 nye av 370 analyserte prøver

Laurdag 22. mai: 0 nye av 255 analyserte prøver

Søndag 23. mai: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 24. mai: 0 nye av 84 analyserte prøver

Tysdag 25. mai: 0 nye av 158 analyserte prøver

Onsdag 26. mai: 1 ny av 322 analyserte prøver

Torsdag 27. mai: 0 nye av 188 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Andre tal

Det er no ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Fredag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta smitte.