Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om at ei av dei 322 analyserte prøvene onsdag er positiv. Dette er første dag sidan fredag 21. mai at Helse Førde melder om positiv prøve.

Dei siste åtte dagane har elleve prøver vore positive.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 322 prøver og ei av desse er positiv. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde torsdag morgon. Denne positive prøva er tatt i Kinn. Helse førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Ifølgje tala til Helse Førde er denne positive prøva den første positive sidan fredag 21. mai. Då vart 370 prøver analysert og fem var positive.

Elleve positive

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom onsdag 19. mai og onsdag 26. mai, har Helse Førde analysert 1987 prøver. Av desse analyserte prøvene har elleve vore positive. Fredag 21. mai med fem positive og torsdag 20. mai med fire positive er dagane med flest positive i denne perioden. Fire av dagane har vore utan positive prøver.

Onsdag 19. mai: 1 ny av 323 analyserte prøver

Torsdag 20. mai: 4 nye av 419 analyserte prøver

Fredag 21. mai: 5 nye av 370 analyserte prøver

Laurdag 22. mai: 0 nye av 255 analyserte prøver

Søndag 23. mai: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 24. mai: 0 nye av 84 analyserte prøver

Tysdag 25. mai: 0 nye av 158 analyserte prøver

Onsdag 26. mai: 1 ny av 322 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at det er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte som er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Torsdag morgon var to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Åtte tilsette har hatt stadfesta smitte.