Ingen nye positive prøver

Tala til Helse Førde viser at ingen av dei 158 analyserte prøvene tysdag var positive.

Det er ingen nye positive prøver, viser tala til Helse Førde. Ein må no tilbake til 21. mai for å finne positiv prøve.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Helse Førde analyserte tysdag 158 prøver og alle var negative. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag morgon.

Dette er fjerde dag på rad at Helse Førde melder om berre negative prøver. Både laurdag, søndag og måndag har vore dagar utan positive prøver. Sist Helse Førde meldte om positiv prøve var fredag 21 mai, då var fem av 370 analyserte prøver positive.

Siste åtte

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom tysdag 18. mai og tysdag 25. mai har ti prøver vore positive. Helse Førde har i denne perioden analysert 1824 prøver. Dagen med flest positive prøver er fredag 21. mai med fem positive og torsdag 20. mai med fire positive. Fem av dagane har vore dagar utan positive prøver.

Tysdag 18. mai: 0 nye av 159 analyserte prøver

Onsdag 19. mai: 1 ny av 323 analyserte prøver

Torsdag 20. mai: 4 nye av 419 analyserte prøver

Fredag 21. mai: 5 nye av 370 analyserte prøver

Laurdag 22. mai: 0 nye av 255 analyserte prøver

Søndag 23. mai: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 24. mai: 0 nye av 84 analyserte prøver

Tysdag 25. mai: 0 nye av 158 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon var det ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.